§ 1. Fødselsmelding.
Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.
Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.
|
|
Les mer …
|
|
Overskrifta endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).
§ 2. Kven som er mor til barnet.
Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.
Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.
Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).
§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap
Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.
|
|
Les mer …
|
|
Overskrifta endra med lover 16 juni 1994 nr. 21, 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.
Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
|
|
Les mer …
|
§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.
For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstolloven og tvisteloven.
Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 15. Kva for domstol saka høyrer under.
Saka skal reisast ved det alminnelege vernetinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til den oppgjevne faren.
Endra med lover 11 juni 1993 nr. 83, 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
|
|
Les mer …
|
|
Kapitlet føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 29a. Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar
Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn farskap.
I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.
Reglane i domstolloven og tvisteloven gjeld så langt ikkje anna er sagt.
Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
|
|
Les mer …
|
|
Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).
§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.
Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.
Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.
Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.
|
|
Les mer …
|
§ 42. Barnet sin rett til samvær.
Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld.
Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.
Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8 (i kraft 1 mai 1989, men slik at endringa i andre leden ikkje gjeld for barn fødd før 1 mai 1989), 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 44 (i kraft 1 april 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Vert endra med lov 9 april 2010 nr. 13 (i kraft 1 juli 2010, etter res. 9 april 2010 nr. 500).
|
|
Les mer …
|
|
Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
I. Innleiande føresegner
Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 48. Det beste for barnet
Avgjerder om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast og om samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.
|
|
Les mer …
|
|
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapitteltal frå « 7 » (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 66. Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet.
Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.
Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 51 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
|
|
Les mer …
|
|
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapitteltal frå « 8 » (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 81. Når farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg
Farskap og medmorskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4, § 7 og kapitla 3 og 4
a) dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født
b) dersom barnet seinare har busett seg i Noreg, og mora eller verja til barnet ynskjer å få farskapen fastsett her, eller
c) dersom den oppgjevne faren er busett i Noreg.
|
|
Les mer …
|
|